Ingebjørg Bratland & Odd Nordstoga: LANGT HEIMAFRÅ

page view image
Evenemangsdatum

onsdag 18 okt 2023 20:00

avslutas onsdag 18 okt 2023 21:30
Kalenderposten anpassas till din lokala tidszon
Beställ
event image

Evenemangsinformation

INGEBJØRG BRATLAND OG ODD NORDSTOGA: LANGT HEIMAFRÅ

Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga har endeleg slege seg saman att
for eit nytt prosjekt!

Fyrste singel «Ingenting å vera redd for» kom i vår. 
Den sparka i gang eit travelt år for den populære duoen. 
Den 18. oktober kjem dei til Nærøysund kulturhus 
og spelar opp med låtar fra sitt doggfriske 
album «Langt Heimafrå», ei plate delvis spelt inn i 
Irland og med Atlanterhavet rett utanfor studiovindauget. 
Det er no ti år sidan sist duoen spelte inn plata «Heimafrå» 
til stor jubel, og på denne konserten kan det nok også bli 
sjansar for å høyre nokre fine låtar som har kvilt - lenge nok.

Sidan sist har Ingebjørg Bratland blitt èin av dei største 
artistane i Noreg, medan Nordstoga har fortsett med å 
levere ei rad med album som publikum og kritikarar har elska. 
Når Ingebjørg og Odd slår seg i lag, er det aldri langt til 
den rike folkemusikkarven dei begge har med seg fra barndommen. 
Men musikken feira når likevel langt utover fjellheimen i Vinje.
Uansett kor du kjem frå, kan me lova at du aldri kjenner 
deg «Langt Heimafrå» med denne duoen på scena.
Vel møtt til ein akustisk, morosam og stemningsfull konsert 
med to artistar med særdeles god smak - 
dei er nemleg kvarandres største fan.

Restriktioner

Bilde, film og lydopptak av konsert/artister er ikke tillatt uten skriftlig tillatelse fra disse.

Taggar

kulturinaroy
kultur
naroysundkulturhus
Arrangör
Nærøysund kulturhus
Gör din beställning